Norsk Senter for Prosjektledelse has moved

Norsk Senter for Prosjektledelse has moved to the new site Prosjekt Norge

Please update your bookmarks to the new address http://www.prosjektnorge.no/index.php?special=product&id=50/

Go to Prosjekt Norge

Close

Kostnadsstyring i prosjekt

Dato:-
Forfatter:-
Faglig ansvarlig:-
Antall sider:-
Redaktør:-
Kilde:-

Kostnadsstyring er ein sentral del av prosjektstyringa. I denne rapporten, som er ein del av prosjektet Mindre ressurskrevende prosjektstyring, er målet å finne fram til enkle og effektive prinsipp for god kostnadsstyring. Inntent verdi metoden (Earned Value) vart valgt som utgongspunkt. Denne metoden er prinsipiell og klargjerande, samtidig som den er rimeleg enkel å forstå.

Utviklinga har gått i retning av altfor kompliserte prosjektrekneskapsmodellar og framstillingar dei siste åra. Årsaka er delvis dei enorme mulegheitene som moderne datateknologi (regneark) gjev. Rapporten tek eit oppgjer med denne utviklinga og gått attende til dei grunnleggande prinsippa, nær på manuelt rekgneskap. Ei anna årsak er eit mangelfullt utvikla begrepsapparat som skaper misforståingar.

Inntent verdi vert drøfta opp mot praktiske problemstillingar henta frå utvalde prosjekt i Forsvaret og frå bygg- og anleggsmiljø. Det er trekt to sett med konklusjonar - eit generelt og eit for Forsvaret spesielt. Det er identifisert ei rekkje mulege forbetringar i kostnadsstyringa.

I tillegg til ein gjennomgong av teori og praksis, inneheld rapporten innspel til drøftinga av terminologi innan prosjekt- og kostnadsstyring samt framlegg til prinsipp for oppbygginga av eit standard prosjektrekneskap basert på rekneark.